• Photo: Wikipedia (Opphavsrett)

Ramn

Ramnen er ein svært ttilpassingsdyktig fugl.

Ramnen er ein av fugleartane med størst utbreiing på den nordlege halvkula. Han finst frå Arktis og heilt sør til Sahara, austover i heile Sibir og i store delar av Nord-Amerika. Når ein i tillegg tek med at han lever heilt frå kysten og opp i deihgst høgaste fjellområda, er det endå meir imponerande å tenkja på kor tilpassingsdyktig ramnen er.

Føda til ramnen er variert, men det viktigaste er utan tvil åtsel. Ramnen legg reiret sitt i bratte fjellskrentar, oftast helt utilgjengelig for firebeinte og tobeinte. Reira ligg oftast i sørhellingar, i ly mot vêr og vind, for ramnen er den fuglen på fjellet som legg egg tidlegast. Hekkefuglane er standfuglar og held seg i hekkeområdet heile året. Ungfuglane kan streife ikring en del, men når dei skal hekke som toåringar, slår dei seg ned nær fødestaden viss det finst ledige territorium. Er der ikkje ledige territorium, streifar ungfuglane rundt i ungdomsgrupper på jakt etter mat.
 

Share to