• Photo: John Bernhard Rekstad
    (Copyright)

Gruvedrift på Osterøy

Nikkelgruver

Eit svensk selskap overtok drifta i 1890 og bygde Noregs første taubane frå Nonås til Gjetreim. I 1915 bygde Kristiansand Nikkelraffineringsverk opp eit moderne gruveanlegg på Litland, med taubane frå Litland til Bysheim-kaien. Etter ein konkurs i 1920 kom drifta i gang att i 1933, men i 1945 var det slutt. Då hadde det vore teke ut 500 000 tonn malmstein som gav 5 000 tonn rein nikkel. To av dei gamle gruvene på Nonås er tilgjengelege i dag, og gruveområdet på Litland kan du sjå frå hovudvegen.

Kalksteinsgruver

Kalksteinsgruvene på Skaftå ved Bruvik kom også i gang i 1870-åra, og i mest 100 år, fram til 1961 var dette ein stor arbeidsplass, med ein arbeidsstokk på 40-50 mann. Drifta vart teken opp av P.G. Rieber, som først tok ut marmorblokker til verkstaden sin i Bergen. Avfallssteinen gjekk vidare til kalkbrenneriet hans. Frå 1908 gjekk mesteparten av steinen til kalkomnane ved Odda smelteverk, til karbid- og kunstgjødninsproduksjon. Kalkåra i fjellet stod loddrett i 12 meters breidd, og gruva var om lag 1 kilometer i lengd. I alt vart det teke ut 4 millionar tonn kalkstein her. Dagbrotskjeringane er enno synlege, 150 meter frå vegen.

 

Share to