• Photo: Norvin Reklamefoto. (Opphavsrett)
  • Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)

Os prestegard

Den eldste kyrkja på garden Os vart truleg bygd seinast i 1050, og alt dei første prestane har mest sannsynleg vore busette på garden.

Årestove frå 1350

Den eldste bygningen som no står på garden, er ei årestove, 10 x 9 ½ alner stor, bygd kring 1350. Denne stova vart brukt til prestebustad i 300 år.

Glasstove frå 1650

Kring 1650 vart det bygd ny prestebustad. Dette er «glasstova» i to høgder. som vart bygd attåt gavlen på stova, og med gang mellom dei to husa. Dette er mellomalderens måte å byggja på.

Endringar på 1800-talet

Då presten Jersin kom til bygda i 1816 og skulle busetja seg på prestegarden, var bygningane på garden sterkt til nedfalls. 1 1820 vart det bygd ny prestebustad og dei gamle husa vart vølte.

Kultivert klassisisme 1920

Hovudbygningen frå 1820 vart riven då den nye prestebustaden vart bygd i 1920 etter Ole Landmarks teikningar, i kultivert klassisisme. Dette huset er framleis prestebustad i Os. I same tunet står dei to stovene frå 1300- og 1600-talet.

Prestegarden på Os er freda etter kulturminneloven.

Share to