• (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Olavsgildet på Onarheim

Religiøst, sosialt og kulturelt midtpunkt på Vestlandet

Sidan mellomalderen var Onarheimsgildet ein institusjon som tok vare på Onarheim sin eldgamle funksjon som religiøst, sosialt og kulturelt midtpunkt på Vestlandet. Dei lokale røtene til det kristne Onarheimsgildet var truleg dei heidne omgangsdrikkelaga, knytta til blotveitslene. Som kriste gilde går det venteleg attende til 1100-talet, knytt til heilagkongen Olav Haraldsson.

Olsokfeiring

Onarheimsgildet samla gildebrør til olsokfeiring frå det gamle Hordaland. Feiringa kunne gå over ei heil veke kring 29. juli. Det var ei viktig sosial hending for medlemmene, men religiøse seremoniar hadde ein brei plass. Elles i året hadde gildebrørne plikt til å hjelpa dersom ein gildebror vart skadd av lauseld på hus eller fekk sott på buskapen. Gilde av dette slaget var regulert av eigne lover. Vi kjenner tre gildelover (gildeskrå) frå mellomalderen her i landet. I alle høve den eine er frå Onarheimsgildet.

Avvikling

Den økonomiske krisa i seinmellomalderen må ha svekt gildeskipnaden kraftig, og reformasjonen førte til ei definitiv avvikling. Noko før 1554 let bispen Geble Pederson føra til Bergen «en Gildestue af Bygden», til bustad for rektor på latinskulen. Det kan ha vore gildestova på Onarheim.

Share to