• Photo: Svein Nord (Opphavsrett)
  • Photo: ukjent (Opphavsrett)
  • Photo: ukjent (Opphavsrett)

Reinsnos

Fjellgrenda Reinsnos ligg nærare 700 m.o.h. inst ved Reinsnosvatnet; ein innfallsport til Hardangervidda.

Gode fiskevatn og fjellbeite

Garden høyrde under Halsnøy kloster og vart nemnd som «ødejord» tidleg på 1600-talet. Livet var hardt her oppe under høgfjellet, men her er gode fiskevatn og fine fjellbeite. Opp mot fjellet Reinsnosa ligg «Nosastølen»; eit heilt stølstun i stein.

Gamle ferdslevegar

Ein av dei gamle ferdslevegane austover, «Kongsbergvegen», går framom Reinsnos. Ein annan ferdsleveg, som truleg går attende til mellomalderen, går frå Odda opp Tjoadalen til Eide og vidare innover på vestsida av Sandvinvatnet. Eit spor etter mellomalderens tjodveg, ålmannavegen, frå Hardanger til Røldal, finn vi også i Tjodaminnet, eit trongt pass ved Seljestadstølane.
 

Share to