• Photo: Tinn museums samlinger/Norsk Industriarbeidermuseum (Opphavsrett)
  • Photo: Tinn museums samlinger/Norsk Industriarbeidermuseum (Opphavsrett)
  • Photo: Stein Øyvind Bystrøm (Opphavsrett)
  • Photo: Stein Øyvind Bystrøm (Opphavsrett)

Nokre musikkintrument frå Tinn museum si samling

Her er dei fem beskrivelsene av dei gjenstandane som vert utstilt

Den fyrste fela er bygd av Torgeir Tovson Bjørndalen (1829 – 1913) i 1909. Kom til Tinn Museum i 1954, frå Gunhild Flåta. Fela vart reparert og pussa opp av Hauk Buen i 2006.  Museumsnummer: RT.2661

Feleskrinet er laga av ei gamal dynamittkasse. Levert til Tinn Museum i 1957 av Gunnulf H. Espeland. Museumsnummer: RT.0930a.

Olav Midtgarden har laga fela, akantusdekoren er måla av Halvor T. Holte. Kom til Tinn Museum i 1953, innlevert av O. H. Mårdalen. Museumsnummer: RT.2662
 

Den tredje og siste fela vart bygd av Torstein Langerud. Han var ein velkjend og produktiv felemakar. Fela skal vera laga for Gunnulf Sålar som barnefele da han var ti år gamal, og Torstein hadde visst brukt to uversdagar på å lage ho. Levert Tinn Museum i 1953 av Gunnulf Sålar. Museumsnummer: RT.0925

Langeleiken på bildet tilhørte Ågot Olsd. Einung. Det var den kjende instrumentmakaren Herbjørn Knutson Mo som bygde denne langeleiken i 1766. Den vesle trehesten var festa til fingrane med trådar. Når Ågot spela, dansa hesten i takt med spelet. Levert Tinn Museum av Ågot Spetalen, Larvik i 1964.

Ågot Olsd. Einung (1831 – 1911) var blant dei siste gode langeleikspelarane i Tinn. Ho spela slåttar som Fossegrimen, Førnesbrunen, Gudbrandsdølen. Svein Løndal tok inn noko av spelet hennar i sin hardingfeleversjon av Førnesbrunen. Catharinus Elling skreiv ned slåttane hennar i 1910, men dei har visst gått tapt. Ågot Einung var født på Bøle og gifta seg i 1850 med Hans Olson Ørnes. I 1872 flutte dei til Nord-Einung. Dei hadde tre jenter og seks gutar. Den eine av gutane var Halvor H. Einung, forfattaren av Tinnsoga.
 

Share to