• Photo: Svein Nord (Opphavsrett)
  • Photo: Ingeniør Ingvald Lunde (Opphavsrett)
  • Photo: H. H. Solberg. (Opphavsrett)

Industristaden Tysse

Frå bondeland til bygdeby

Frå ein varsam start med 25 tilsette vart fabrikken bygd ut slik at talet på arbeidarar var tidobla ved århundreskiftet og kom på det meste opp i omlag 400 nokre år seinare. Tilflyttinga var stor, og på to-tre tiår vart Tysse forvandla frå fredeleg bondeland til ein tettpakka bygdeby med bustader, butikkar, handverkarar, kafear og overnattingsplassar i tillegg til sjølve fabrikken.

A/S SAFA

Men natta til 6. mars 1931 brann ullvarefabrikken ned til grunnen. Først i 1941 kom det ny verksemd på branntuftene. Samnanger Fabrikker vart Noregs største spesialfabrikk i strømper - under namnet A/S SAFA. I 1960-åra kom talet på tilsette opp i 240, men rasjonalisering har ført til at det i 1990-åra vart skore ned til om lag 70 tilsette.

Kommunesenter

Tysse er i dag først og fremst kommunesenter med kommunal administrasjon og ungdomsskule.
 

Share to