• (Opphavsrett)

Torvmose

Du ser han kanskje henge utover bergkanten, eller i myra du ser deg nøydt til å gå rundt. Elles er det ikkje så ofte ein tenkjer over han, der han veks, kald og våt.

Torvmosen finst det over 40 artar av. Han er stort sett grøn, lang og veks i myra eller andre våte stadar. Han har ingen røter, og veks i toppen og dør i andre enden. Men fordi det er lite oksygen nedi myra går nedbrytinga seint, noko som gjer at torvmosen veks raskare enn han dør. Slik veks myra og dannar torv.

I tidlegare tider var denne mosen nytta til mykje rart. Den har vorte bruka til dopapir, veik i oljelamper, lagring av grønsaker og som innlegg i bleier og sanitetsbind.

Mest kjend er den nok som isolasjon til lafting. Torvmosen vert lagt mellom dei lafta stokkane og/eller i lafteknutane. Mest brukt til dette føremålet har vore etasjemosen, også kalla husmose.

Torvmosen er mildt desinfiserande og kan lagre opp til 20 gangar si eiga vekt i vatn. Difor er han fin å vaske kasseroller og hendene sine på tur. Skrubb kasserolla med sand, tørk med torvmose og skyl i bekken.
 

 

Share to