• Photo: Arkivfoto De Heibergske Samlinger (Opphavsrett)
  • Photo: Fotograf A.B. Wiise (Opphavsrett)
  • Photo: Fotograf A. Lindahl (Opphavsrett)
  • Photo: Arkiv foto (Opphavsrett)
  • Photo: Jan Egil Lund (Opphavsrett)
  • Photo: Indre Sogn Kystlag (Opphavsrett)
  • Photo: Indre Sogn Kystlag (Opphavsrett)

Sognebåten som Tidsmaskin

Sognebåten var bygd til fjordbruk. Med fjorden som den einaste samferdsleåra og båten som den einaste transportmiddel måtte ein ha ein farkost som var dugaleg og meistra dei spesielle vindtilhøva mellom dei høge fjella med kraftige kast og vind rosser. Med den høge stavnen og store spring i bordgangane opp mot stavnen tek båten krappsjøen godt. I tillegg til å meistra dei spesielle ver og vindtilhøva var det viktig at båten også egna seg til last. Sognebåten har god plass til varer og gods- ikkje minst var frakting av tørrhøy og fe  viktig i vårt distrikt med jordbruk og mange utslåttar tvers over fjorden.  

Berre den som hev vore i ein sognebåt i storm på Sognefjorden, kan døma om kva sognebåten greider. Han smyg seg lett millom skavlane og tek straumsjøen so roleg at det er ikkje mykje sjøskvett som kjem inn i båten. Under segl er han snar og lett, men han lyt hava rom vind.(Færøyvik 1931)

Dei vanlegaste størelsane var færingen  og seksæringen, som var nytta av folk flest. Åttringane vart vanlegvis brukt som skyssbåtar av folk som prest, lensmann og doktar. Gardane i ei grend gjekk ofte saman om å byggja fem- og sekskeipingar som vart nytta til  felles kyrkjebåt.

 I dag er dei mindre opne ro og seglbåtane ikkje lenger til nytte for arbeidslivet på gardsbruk eller til matauk og fiske. Men robåtane er eit kulturminne med mange gode eigenskapar, som framleis kan vera ein stor ressurs for å gje folk estetiske impulsar, mosjon, naturoppleving og samtidig gje kontakt med fortida sitt kvardagsliv.

Hausten 2002 arrangerte De Heibergske Samlinger Sogn Folkemuseum eit Råseglseminar for teoretikarar, institusjonsfolk, båtbyggjarar, praktikantar og seglarar. Med teori og praktisk øving fekk deltakarane prøve seg med både båtar og segling

Kort tid etter Råseglseminaret hadde vore på Kaupanger i 2002 vart Indre Sogn Kystlag skipa. Kystlaget er eit lokallag under organisasjonen Forbundet KYSTEN, som har som føremål å ta vare på tradisjonar samt fremja kulturverdiane som ligg langs kysten og fjordane våre.

For folk som ferdast langs fjorden med robåt, seglbåt, kajakk eller kano har Indre Sogn Kystlag lagt til rette for eit nettverk av overnattingsstader langs Nærøy og Aurlandsfjorden. Dette nettverket ligg midt i UNESCO sitt Verdsarvområdet i Aurland Kommune og vert  kalla Verdsarvleden Kystled Nærøyfjord. På ein miljøvenleg måte kan ein oppleva tur-roing på fjorden til ein rimeleg pris i ein enkel sognafæring med plass til 2- 4 personar.

Norge har skreve under på UNESCO sin konvensjon om å ta vare på på den immaterielle kulturarven.Ideen om å få båtbygging inn på UNESCO sin verdsarvlista er lansert og kan vera ein måte å sikra handverket for framtida. Me bør arbeida alt me kan for å oppretthalda eit levande og oppegåande lokalmiljø, som kan skapa aktivitet i både arbeidslivet og i fritida. Me treng gode naturopplevingar i fjordlandskapet  med båttradisjonar som gir identitet med sognebåten og kontakt med fortida sitt kvardagsliv.

Share to