• Photo: Ukjent (Opphavsrett)
  • Photo: Ukjent (Opphavsrett)
  • Photo: Ukjent (Opphavsrett)

Hallingskeid stasjon

Hallingskeid stasjon vart bygd av reint driftsmessige grunnar: her var lenge det einaste kryssingssporet på den 34 km lange strekninga mellom Finse og Myrdal. Hallingskeid vart allereie etter ti års drift bygd inn i eit snøoverbygg på grunn av dei ekstreme snøforholda her, og det var «påtrængende nødvendig» å få det sett opp sommaren 1918. I anleggstida var det fleire hus her, mellom anna ein funksjonærbustad, ein butikk og ei sjukestue. Nokre hus fekk nytt liv etter at bana sto klar, som det opphavlege forsamlingshuset, som i dag er i bruk som turisthytte. Ei fjellstove vart òg bygd her.

Hallingskeid har vore sterkt utsett for brannar, den fyrste i 1948 då stasjonsbygninga og snøoverbygget fekk små skadar. I 1953 brann det i snøoverbygget igjen, denne gongen vart han òg sløkt. I 1960 brann både stasjonsbygningen og Skomå vaktarbustad heilt ned saman med 500 meter snøoverbygg. Snøoverbygget var i tre og knusktørt, og eit kollager i enden av snøoverbygget var med på å forsterka brannen. Fire familiar budde på stasjonen og i vaktarbustaden, og dei mista alt dei eigde. Stasjonen vart ikkje bygd opp att etter brannen i 1960, eit mindre stasjonsanlegg vart lagt inn i det nye snøoverbygget. Den siste brannen var sommaren 2011, då heile toget og snøoverbygget brann ned, men alle passasjerane vart berga ut uskadde. Sommaren 2012 sto det nye snøoverbygget klart; denne gongen er det bygd i metall.

Share to