• Photo: Foto: Sigrid Ulset/Tingvoll kommune sitt fotoarkiv (Opphavsrett)

"Dampen" - Connecting people

D/S "Nordmøre" ved Øydegard kai i Straumsnes (no Tingvoll kommune) i 1928.

Flagginga tyder på at bildet er teke ved eit spesielt høve, kanskje 17. mai. Dekkslasta er meir kvardagsleg: Mjølkespann og nettingrullar.

D/S "Nordmøre" tilhørte Møre Fylkes Ruteselskap (MFR), seinare Møre og Romsdal Fylkesbåtar (MRF).

Mykje folk er møtt fram for å "sjå på dampen". Ein militær går i land. Midt på kaia står elevar frå Nordmøre Husmorskule (som heldt til på Øydegard 1921-1939).

Til høgre står ungkarane i grenda - og "ser på dampen", eller...

Kanskje vi kan seie: "Dampen" - Connecting people...

Share to