• Photo: Kjell Andresen (Opphavsrett)

Svåsand

Røykstove og sengebuer

Bygningane i gardstunet på Svasand har også kulturhistorisk verdi. Ei av dei gamle røykstovene står framleis i tunet, og to fine tohøgda sengebuer, eit stabbur og eit eldhus. Dei to sengebuene høyrer til kvart sitt bruk. Fleire av bygningane vart flytta til nye tufter etter utskiftinga i 1933; det gamle fellestunet på Svasand låg meir samla.
 

Hustypar med mellomaldertradisjonar

Røykstove og sengebu - dei to innhusa på garden representerer ein av dei klassiske tradisjonane i byggjeskikken på Vestlandet. Røykstova - huset med den opne eldstaden - er bustadhuset gjennom 600 år, heilt fram til midten av 1800-talet i dei indre fjordbygdene. Sengebua, eller sengeloftet, er også ein bygningstype som går attende til mellomalderen. På 1600-talet får denne bygningen ofte nemninga glasstove; bygningar utan eldstad, ofte i to høgder, med små glasruter og plass til senger, kister og stasklede på loftet.

Fine detaljar

I mange bygder har røykstova og sengebua stått i lag, i andre, som her på Svasand, står dei kvar for seg. Og dyktige handverkarar har det vore her i desse fjordbygdene; husbyggjarar og båtbyggjarar. Fine detaljar i dører og listverk fortel om det gode handverket.

Share to