• Photo: Anders B. Wilse (Opphavsrett)
  • Photo: Mittet (Opphavsrett)

Startpunktet på Rallarvegen

Rallarvegen sitt startpunkt ligg pussig nok i enden av den opphavelege transportvegen som vart bygd vestfrå for å kunne få fram bygningsmaterialar og proviant til dei som skulle byggje jernbana. Strekninga Voss–Upsete sto ferdig i 1896, bygd av kontraktørane Hornemann og Strøm. Jernbana sine eigne folk bygde vegen ned Flåmsdalen frå Myrdal. Vegen til Hallingskeid stod klar i 1898. Anleggsvegen kom fram til Haugastøl i 1902. Her vart det bygd store stallar for hestane som dagleg drog mellom sytti og hundre lass med materiell.

Utgifter til frakt utgjorde ein stor del av dei totale utgiftene til brakker, stasjonar og bruer. Sterke karar som «Lærdalsborken» og Daniel Vidme kunne bære 50–60 kilos bører på ryggen opp dei tunge kleivene til Myrdal, og fekk betaling som om dei var hestar. På Haugastøl og Finse vart det til baneopninga bygd fjellstover for innkvartering av passasjerar, i tilfelle toga skulle vere forhindra i å køyra over høgfjellet. Den på Haugastøl sto klar i 1910, og som på Finse vart den raskt eit moderne hotell. Men i motsetning til hotellet på Finse måtte dette hotellet annonsere for å få gjestar i påska. Den vakre jugendbygninga, teikna av Paul Armin Due, brann ned under 2. verdskrig, då tyske soldatar budde på hotellet.

1 comment

  • Nr. 216 ble produsert av S.L.M. i Winterthur i Sveits og tatt i bruk på Bergensbanens høyfjellstrekning alt 05. juli 1910. I februar 1945 ble maskinen overført til Hamar distrikt hvor den tilslutt ble utrangert så seint som 09. november 1970.

Share to