• Photo: Carl Normann (Opphavsrett)
  • Photo: Anders B. Wilse (Opphavsrett)

Kjende fotografar

Ein av landets aller beste fotografar gjennom tidene, Anders Beer Wilse, hadde kanskje eit personleg forhold til jernbana? Som jernbaneingeniør frå Minnesota kunne han meir enn andre fotografar om motivet då han kom attende til Noreg etter 15 år i Amerika. Fotografering hadde han truleg lært seg på kartleggingsekspedisjonar for den amerikanske staten si geografiske oppmåling i Seattle. I 1886 kjøpte han sitt eige apparat, og i mai 1901 opna han fotografisk forretning i Kristiania.

Karrieren fekk ei god start då han vart engasjert som fast fotograf på turistskipa langs norskekysten. Med Bergensbana reiste han på oppdrag frå NSB fleire gonger, dei eldste fotografia er frå 1908, og dei nyaste frå 1948, året før han døydde. Han fanga både den monotone kvardagen og dramatiske hendingar som avsporing på grunn av snø. Yndlingsmotivet ser ut til å ha vore den spektakulære snøryddinga med den roterande snøplogen over høgfjellet.

Carl Normann var, trass i etternamnet, ein svensk fotograf og postkortforleggjar, som på sykkel eller med bil gjorde heile landet til sin arbeidsplass og motiv. Om han var spesielt toginteressert veit ein ikkje, men han reiste i alle fall med Bergensbana fleire gonger frå 1910 til 1956 og dei mange vakre stasjonsbygningane er mellom motiva hans. Som postkortforleggjar tok han motiv som selde, og dette frå Finse på 1950-talet var eitt av dei.

Share to