• Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)

Håbrekke

Freda bygning

I perioden 1834-1866 var den militære sjefsgarden lagd til Tangarås, der Kinck-familien seinare flytta inn. Hovudhuset på Håbrekke vart truleg bygt i byrjinga av 1700-åra og vart standsmessig utstyrt. Bygningen vart freda i 1924.

Sunnhordland

Det er ikkje tilfeldig at Det Søndhordlandske Musketerkorps heldt til i Strandebarm. Desse bygdene høyrer kulturgeografisk til Sunnhordland. Grensa mellom Hardanger og Sunnhordland futedøme gjekk i 1647 mellom Vikingnes og Kysnes. Strandebarm, Varaldsøy og Mauranger høyrde til Strandebarm skipreide . 

Share to