• Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)
  • Photo: Bjørn Arve Lunde (Opphavsrett)

«Målabuo» på Gjerde

Rosett i gavlen

Eit omhugsamt studium let oss ana linjene i eit fargesterkt interiør i bua. I gavlfeltet har det stått ein stor rosett omgjeven av rankar og roser. Kring veggene frå raftehøgd og ned til benkehøgd, har det vore eit belte med kassettornamentikk, med fargeveksling mellom raudbrunt og svart og (kanskje) oker og kvitt. Ein firbladsrosett pryder kvart kvadrat.

Brurahus?

Tradisjonen fortel at bua opphavleg var oppsett som «brurahus» ved eit gjævt bryllaup. I 1588 sat Børge Gjerde på garden. Han var lagrettemann og ein av dei fremste bøndene i Mauranger.

Glasmåleri

På eitt av blyglasvindaugo i bua finn vi eit motiv som også høyrer heime på 1600-talet: ei kvinne som byd ryttaren eit velkomststaup. Det var ein utbreidd skikk i Europa å gje glasmåleri med figurmotiv og eigar/gjevarnamn som 'husgåve' til eit nytt hus. Både på Ænes, Torsnes og Mel var det rike slekter som kan ha vore omgangsvener med bonden på Gjerde.

Share to