• Photo: Arnulf Østerdal (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Rimsvarden og bronsealdersverdet

Gravkammer med sverd og kniv

Kring 1790 hadde ein gjestgjevar frå Foldrøy kasta ut stein or røysa og kome ned på ei stor helle. Hella var lagd som lok over eit firkanta, fint mura gravkammer. I gravkammeret låg eit sverd og ein kniv av bronse. Kniven kom bort, men sverdet fanst framleis på Rimbareid i 1824. Det året fekk Fitjar vitjing av W.F.K. Christie, Eidsvollsmannen, stortingspresidenten og stiftamtmannen, som året etter grunnla Bergens museum. Han ville gjerne ha sverdet til den antikvariske samlinga, men det skulle syna seg å verta meir enn vanskeleg, sjølv for Christie.

Forløysande kraft

Det gamle stridsvåpenet hadde nemleg fått ei ny og fredelegare oppgåve i Fitjar-bygda: Det vart brukt «som et Middel til at skaffe Qvinder en let Forløsning». Bronsesverdet gjekk på omgang frå den eine barselstova til den andre, og etter det folk sa, verka det framifrå, berre det vart brukt på rette måten: Strauk dei med bladet, gjekk det bra, men strauk dei med odden, gjekk det gale.

I Bergen Museum sine samlingar

Først i 1865 kom sverdet inn til museet, og det finst framleis i Bergen Museum sine samlingar. Ytste odden og ytste delen av tangen er avbrotne og vantar. Sverdet kan daterast til siste del av eldre bronsealder, dvs. godt og vel 1000 år f.Kr. Det er eit praktvåpen som har vitna om status og makt for eigaren. Slike sverd var ikkje i kvar manns eige. Og den store dekkhella, ho enda sine dagar på kyrkjegarden, som gravstein over ein bonde frå Rimbareid - 3000 år etter at ho vart lagd over grava til bronsealderbonden.

Share to