• Photo: Marcus Selmer. (Opphavsrett)
  • Photo: Paul Sedal (Opphavsrett)
  • Photo: Paul Sedal (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Ulven

Øydegard og klostergods

Ulven vart liggjande øyde etter svartedauden, men vart teken opp att i siste del av 1500-talet. Garden var Lyseklostergods fram til 1873, då staten kom inn som eigar og flytta eksersisplassen hit frå Osøyro.

Eksersisplass

Då forsvaret overtok garden Ulven, måtte brukarane flytta bort. Den store sandsletta på Ulven eigna seg særs godt til eksersisplass, og militæraktiviteten vart flytta frå Osøyro til Ulven. Ulven leir vart bygd opp som øvingsleir for soldatar frå Bergensområdet.

Rekruttskule og fangeleir

Søndre Bergenhusiske Infanteriregiment nr. 9 vart etablert i 1911, og fram til andre verdskrigen var sommarrekruttskule og regimentsamlingar viktigaste verksemda på Ulven. Ulven var ein av dei mest kjende norske fangeleirane under den andre verdskrigen.

Ny rekruttskule

Administrasjonssenteret for Hordaland Infanteriregiment nr. 9 er framleis på Ulven, og etter krigen har leiren mest vore brukt til repetisjonsøvingar og heimevernsøvingar. Frå 1990 er det på ny kome rekruttskule til Ulven.

Med dei gode tilhøva ein kan tilby, er Ulven blitt ein av dei faste arenaene for Landsskyttarstemnet.

Share to