• Photo: Jan Adriansen (Opphavsrett)

Pilegimsvegen frå Austmannalia til Røldal

Vegen går gjennom eit kupert landskap frå høgfjellet og ned til bygda, og fylgjer terrenget der det har vore best å ta seg fram for folk og fe. I bratte parti er vegen bygd fint inn i sida med tørrmura støttemurar, og i våte og myrlendte område er grunnen steinsett. Andre stader er vegen meir som ein sti, ei fordjuping i terrenget. Sjølv om den vanlegaste vegbreidda er om lag 2 meter, varierer den frå 1 meter breie trakk i bratte parti til spor på over 4 meter gjennom fegater på stølsinnmarkane.

Alder 

Det vert sagt at den første kløvvegen over vidda frå Røldal gjekk austover frå Kvile ved Røldalsvatnet til Kallevatn, vidare gjennom Ståvassdalen og bort til Ulevå ved Telemark grense. Men alt i katolsk tid skal vegen gjennom Austmannalia ha teke over hovudferdsla. Olavssteinen (etter Olav den Heilage?) i Austmannalia blei, etter tradisjonen, ein kjent kvilestad for pilegrimane, og også eit namn som Krosslia på Frøystøl kan stamme frå denne perioden.

Hylje bru 

I Hølen, der Storelva er på det smalaste, finst restane av dei tørrmura landkara etter den gamle Hylje bru. Den var ei trebru oppført før 1834, som truleg gjekk ut av bruk etter at køyrevegen over Haukeli opna i 1886.

Om det var ei enno eldre bru her tidlegare er ukjent, men ein stad må det ha vore mogeleg å krysse elva for å kome opp Austmannalia.

Geil 

Mellom Røldal og Hylje bru var pilegrimsvegen også ein del av røldølane sin stølsveg opp til det store, no neddemde, stølsområdet i Valldalen. Kvart år, under buføringane om våren og hausten, gjekk store flokkar av geiter og sau mellom bygda og beitemarkane, og undervegs passerte ein innmarksområde med grønt og frodig gras. Desse måtte vernast mot svoltne driftedyr, og geilar, eller fegater, laga av parallelle steingardar, blei bygd fleire stader. Den vakraste, ein vel 250 meter lang geil, finn vi ved Frøystøl.

Kastebergdokkja 

Ikkje langt herifrå, ved Nyastølsvika, skal det frå gammalt av ha vore eit varp. Kastebergdokkja låg på oppsida av vegen, men er diverre borte i dag. I fylgje tradisjonen kasta handelskarane på veg til Røldalsmarknaden steinar oppå ein bergknatt her, og om steinane la seg til ro på berget, så tydde det god handelslykke.

Share to