• Photo: Anders P. Wallevik
    (Copyright)

Driftekarane og ferdsla over vidda

Gammalt samband

Gruvedrifta på Kongsberg hadde mykje å seia for bygdene i Hardanger. Det var folk frå Eidfjord som først fann vegen til den nye store marknaden på Kongsberg på 1600-talet. Vegen over vidda var kort, og sambandet austetter var gammalt. Til Kongsberg drog dei med smør, ost, kjøt og ull; varer som folk i gruvebyen hadde stor trong for. Også hestar til malmtransport og talg til lys i gruvegangane var viktige varer.

Slepa over Vidda

Handelsferdene austetter følgde dei gamle slepa over vidda. Langs desse finn vi dei mange felægra eller driftelægra, som på Hadlaskard og Halne, der buskapen beita og vart gjødd opp før han vart ført til markadsplassane.
 

Share to