• Photo: Knud Knudsen. (Opphavsrett)
  • Photo: Jan Adriansen (Opphavsrett)
  • Photo: Jan Adriansen (Opphavsrett)
  • Photo: Jan Adriansen (Opphavsrett)

Allmannavegen mellom Seljestad og Røldal

Allmannavegen 

Kløvvegen, som er godt synleg i opptil 7 kilometer over Røldalsfjellet, endrar fleire stader karakter undervegs. På flatene framstår den stundom som ein 2 meter brei og 20 centimeter djup hulveg, stundom som ein 3,7 meter brei veg med kantsetting på begge sider. Gjennom ura over Seljestadjuvet og opp fjellsida nede ved Gorsvatnet tek den seg fram ved hjelp av flotte, tørrmura vegparti og trappetrinn, og over våte parti kan bakken vere steinsett under flate steinheller. Ein plass finst ein vadestad der elva må kryssast.

Seljestadjuvet 

Den eldste kløvvegen gjekk i eit far over fjellryggen vest for det stupbratte Seljestadjuvet. Men kanskje fordi dette både var lengre og som regel blei snøfritt langt seinare på året, føretok ein den farefulle omlegginga via juvet. Når det skjedde veit vi ikkje sikkert, men vegen blei vølt i 1820, og må minst vere så gammal.

Sjølv om vegen, eller rettare stien, gjennom sjølve juvet berre er nokon hundre meter lang, er den langt frå trygg. Den klamrar seg nærast fast til fjellsida, og vegbreidda er ikkje større enn at ein må gå etter kvarandre for ikkje å falle i ura under. For ferdafolk må stien ha vore ei kvide, sjølv i godvêr. Slo vêrgudane seg vrange, og om det i tillegg var is og snø langs kløvvegen, blei den direkte livsfarleg.

Ei historie fortel om ein handelsreisande austmann som våga seg over med kløva sitt – ein bunke filler – ein glatt haustdag. Det gjekk ikkje betre enn at kløva på hesten kom borti fjellveggen på den smale vegen. Hesten og mannen sklei, men medan hesten forsvann ned i djupet og blei drepen, klarte mannen å klamre seg fast, og berga på den måten livet.

Ny tid 

I 1874 stod endeleg den nye chaussévegen for hjulkøyrety klar over Røldalsfjellet. I Seljestadjuvet slyng den seg nedover på motsett side av kløvvegen, og derifrå verkar gamlevegen enno meir skremmande. Ned frå Røldalsfjellet kryssar den svingande køyrevegen fleire stader den rettlinja, gamle hulvegen, og fleire ruinar, både frå kløvvegen og frå vegbygginga kring 1874, passerer ein undervegs.

I dag susar bilar forbi både den gamle kløvvegen og køyrevegen frå 1800-talet. Store tunnelar har lagt trafikken gjennom Røldalsfjellet og vekk frå Seljestadjuvet. Men køyrevegen vert halden open som turistveg i sommarhalvåret, og i byrjinga av 1990-åra blei den gamle kløvvegen ned Seljestadjuvet, i regi av Vegvesenet, restaurert og sikra med gjerder.  

Share to