Sentral plassering
Her var mykje folk samla. Den sentrale geografiske posisjonen i hovudleia langs kysten, i nærleiken av rike fiskefelt, styrkjer denne teorien. Bøndene frå fjellbygdene og dei indre fjordbygdene selde tømmer, huder og skinn, haukar og falkar i byte for fisk, salt og varer frå andre land. Men alt lenge før mellomalder og vikingtid er det funn som tyder på samhandel mellom folka på begge sider av Nordsjøen.
Sælehus i mellomalderen?
I mellomalderen bygde kongen og kyrkja sælehus - overnattingsstader - for samferdsla langs kysten. Tre skipsleier fører gjennom øyriket i Fitjar og Bømlo: den ytre leia, Nyleia og Engesundleia. Selsøya kan ha fått namn etter eit slikt sælehus, eller etter seli «stad der det veks selje». Nabogarden Kvarven, kjem av gno. Hvarf «sving, hjørne» i terrenget.
Byborgarane overtok
Systemet med overnattingsstader vart gradvis avvikla med trusskiftet på 1500-talet. Kyrkja heldt ikkje lenger oppe den gamle ordninga med sælehus. Kongemakta bygde opp eit nytt mønster på 1600-talet. Gjestgjevarane var no byborgarar som fekk konsesjon (privilegiebrev) og skulle leva av verksemda si.