• (Opphavsrett)

Utne hotell

1739

Av opplysningar på tinget i 1739 går det fram at Peder Børsem hadde «gjort store Omkostninger paa fornødne Gjestgiverie, Huser at opbygge». Truleg er dette den eldste delen av Utne hotel i dag. Gjestgjevaren fall frå alt i 1735, og gjestgjevarstaden vart overteken av «Elisabeth Sallige Peder Børsems Enke».

Futen meinte at det ikkje var nødvendig med noko vidare krohald, korkje «for den Reisende eller for Almuen ... thi for den Reisende er der ingen Hafn, og Almuen kan baade Sælge og Kiøbe hvad de vil ved Gravens Giestgiverie, som ickun er l kort Miil derfra».

Handelsstad

Men gjestgjevarstaden vart ikkje nedlagd. I 1789 vart Johannes Sveinsson Winæs gjestgjevar. Han var jakteskipper og dreiv handel og fraktefart med eige fartøy; korn, salt og alle slags «Fornødenheder». Utne vart den sentrale handelsstaden i Indre Hardanger, og i 1828 overtok dei to sønene hans verksemda: Jakob som handelsmann og Johan som gjestgjevar. I 1829 vart det oppretta skysstasjon her, og gjestgjevaren fekk stasjonshaldet.

Fornem gjestebok

Gjesteboka, som enno er på hotellet på Utne, viser at mange kjende personar har nytt godt av gjestfridomen her. P. Chr. Asbjørnsen, Kristofer Janson, Adolph Tidemand og Eilif Peterssen.

«Mor Utne»

Johan Winæs vart gift med Torbjørg Utne, eller «Mor Utne» som ho vart kalla. Ho sto for drifta i 70 år, frå 1833 til 1903, og ho var den som skapte det første hotellet i Hardanger.
 

Share to