• Photo: Elias Eide? (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Den store fiskekonkurransen i Jølstravatnet

Det var Jølster IL med Johannes Helgheim som tok initiativet til denne fiskekonkurransen som samla ikkje mindre enn 1000 fiskarar 30 juni 1958.

Det som var årsaka til denne enorme interessa var nok førstepremien i konkurransen, ein ny bil. Dette hadde arrangørane klart å få til trass i at dette var to år før bilrasjoneringa etter krigen tok slutt.

Dyr moro

Heile fiskekonkurransen varde i to timar og prisen for å vere med var heile 35 kroner, svært mykje pengar i 1958. Likevel kom folk strøymande til frå heile fylket, og medrekna tilskodarar var 5000-6000 menneske samla på strekninga Skei-Hus denne varme og solblanke sommardagen.

  Det var ein skog av fiskestenger og fiskarane sto nærast skulder ved skulder vestover langs vatnet frå Skei.

Spesielle reglar

Det var berre tillate å fiske med stang på max seks meter. Same lengda var det på snøret og agnet var makk. Alle fiska frå land på tildelte plassar bestemte ved loddtrekning.

  Startskotet var ei dynamittsalve og dermed var 1000 fiskestenger i aksjon i det verst tenkjelege fiskevêr; stilt og med sol frå skyfri himmel.

  Men den nye bilen, ein IFA P-70 med tosylindra totaktsmotor på 22 hk venta i det fjerne, så optimismen var stor.

Smått med fangst

Det var ikkje mykje fisk som kom på land, til det var vertilhøva for dårlege. Det var også mykje småfisk som kom opp, noko som vart påpeika i eit avisreferat.

   - Verst gjekk det utover fisk i konfirmasjonsalderen. Hadde nokon ramla i vatnet, hadde vedkommande fått drukne i fred, så opptekne var dei med fiskinga, heitte det.

Billeg bil

Vinnaren av konkurransen vart Knut O. Myklebust frå Jølster. Han fekk elleve småpinnar på til saman 900 g, noko som altså kvalifiserte til ny bil. Sjølv fortalde han at han hadde dårleg tru då han såg fiskeplassen han fekk tildelt. Men ein liten periode med litt krusingar på vatnet, gjorde at han fekk fiskane sine likevel.

  Knut hadde ikkje førarkort, det fekk han først året etter, og det var heller ikkje tenningsnøklar å oppdrive då bilen skulle overleverast. Men dei fekk starta bilen og køyrt den heim.

  Bilen var i Knut O. Myklebust si eige i fire år, og hadde seg ein tur i Jølstravatnet før den vart bytta inn i ein større bil i 1962.

  Aldri har vel ein bil kosta så lite som 900 g jølstraaure.

Share to