Minnebøker var veldig vanleg før i tida. Her skreiv personar for eksempel eit lite dikt eller eit ordtak til eigaren av boka. Dette vart eit minne om "minnaren" i ettertid. Mykje av ordlyden gjekk om att.

 

Dette er ei minnebok der medelevar, lærarar og andre har skrive eit minne til mamma. Standardtekster som:

Lev vel
Hus pus
Lag mat
Tre ord på snei - gløym ikkje meg
Klokka tikker, bestemor strikker. Myggen er lei men Gudrun er grei.

vart mykje bruka. Det var også vanleg å lage fine teikningar og pynte i bøkene.

Mamma fekk minneboka av foreldra sine i gebursdagsgåve året 1977. Då var mamma ti år. Minneboka betyr mykje for mor mi, fordi det er minne frå eldre og yngre elevar mamma har gått på skule saman med. Det same gjeld lærarar og andre som ”tilfeldigvis” vart spurde om å skrive ned eit lite minne. Dei ho visste var flinke til å teikne, var det spesielt moro å få minne av.
 

Share to