• Photo: Lisbeth Smørholm (Opphavsrett)
  • Photo: Lisbeth Smørholm (Opphavsrett)

Kvitholmen fyr

Kvitholmen fyrstasjonvart oppretta i 1842, den ligg på ein liten holme nord for Hustadvika. Fyret vart automatisert og avfolka i 1990.

Bygging

Under bygginga av anlegget var ca. 100 mann i arbeid, under leiing av løytnant Arntzen. Han vart seinare Noregs fyrste fyrdirektør. Handverkarane kom langvegs frå: tømmermenn frå Nordfjord, snikkerar frå Kristiania, steinarbeidarar og minerar frå Sunnmøre og smedar frå Porsgrunn.

To fyr var nok

Under synfaringa i 1838 valde ein å byggje eit fyr på Kvitholmen og eit på Stavenes ved Kristiansund. Meininga var at fleire fyr var unødvendig. Einkvar sjømann som var kjent eller hadde los om bord, måtte kunne navigere gjennom Fugleleia ved hjelp av to fyr. I dag er det eit tjuetals fyrlys, lysbøyer og andre merker i farvatnet.

Massivt fyrtårn

Sjølve fyrtårnet var 16 meter høgt. Det vart bygd av gråstein hogd ut i steinbrotet like ved, 39000 murstein gjekk med til byggverket. Resten av husa vart bygde som eit lukka tun som omfatta maskinhus, bustadhus og uthus.

Marketenteri

Det var vanleg ved større anlegg å opprette eige marketenteri. Her kunne arbeidarane handle det dei ikkje fekk gjennom den daglige forpleininga: drikkevarer, tobakk osb.

Bifyr

I 1902 vart eit bifyr tent på Kvitholmen. Kvitholmens lange tid som kystfyr var forbi i 1906 då lykta på bifyret vart flytta over på det gamle steintårnet. Fyret fortsette som ledfyr, til glede for dei sjøfarande.

Elektrifisert

Fyret ble ombygd for tredje gang i 1956. Eit 12 meter høgt betongtårn vart sett opp. Fyret vart også elektrifisert med straum frå eigne aggregat.

Atlanterhavsvegen

Tre kommunar og ein rekke aktørar står saman om å gjøre Kvitholmen tilgjengeleg for folk flest. Fyret ligg ved Atlanterhavsvegen som har fått status som nasjonal turistveg.

Share to