• Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • Photo: Knud Knudsen (Opphavsrett)
  • Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)
  • Photo: Måla av (?) Bergis. (Opphavsrett)

Stend

Stend har hatt mange eigarar gjennom hundreåra. Kanselliråd Wollert Danckertsen overtok garden i 1741 og hoffagent Wollert Krohn i 1782. Han dreiv Stend som eit mønsterbruk og bygde veg frå Nordås til Stend.

Fornem «lystgård»

Sonen Wollert Krohn gjennomførte truleg ei modernisering av anlegget i 1790-åra, mange av louis-seize-detaljane i bygget talar for det. Det er i denne forma vi ser bygningen på eit prospekt av J.F.L. Dreier frå 1816. Dei fleste av eigarane nytta Stend som sommarbustad; ein fornem bergensk «lystgård ». Då Søndre Bergenhus Arnt kjøpte eigedommen i 1861, vart det skipa jordbruksskule på den gamle setegardens grunn.

«Riddersalen»

I 1922 vart hovudbygningen ombygd og restaurert, og eit omfattande restaureringsarbeid har også vore sett i gang i 1980-åra. Den såkalla «riddersalen» i midtfløya er det mest utsøkte rommet i huset, med detaljar i listeverk, takbjelkar og brystningspanel som plasserer det i barokkperioden på slutten av 1600-talet, i Hans Hiorths embetstid. Dei store måla veggtapeta er frå 1700-talet.

Hovudbygningen på Stend er i dag freda. Huset er eigd av Hordaland fylkeskommune som bruker det til representasjonsføremål. Det er også planer om å restaurera delar av hagen.

Share to