• Photo: Teikning av Nils Gerg Brekke.
    (Copyright)

Langhuset på Golta

Fleirromshus

Eitt av dei anlegga som det vart samla inn materiale om i 1938, var eit eldre fleirromshus på Golta; nytt og interessant materiale for granskarane ved Historisk Museum, men velkjend i den lokale byggjeskikken gjennom mange generasjonar.

I langhuset på Golta ligg det ei stove og ei bu med ein midtgang mellom, stilt attåt ei røykstove med kleve og «et reisverks ildhus, aapenbart av temmelig ny dato», som det heiter i Indberetningen frå Den antikvariske bygningsnevnd i 1927.

Kroting

Røykstova syner spor etter kroting, og etter tømmeret å dømma kan det vera rimeleg å tidfesta denne stova til 1600-talet. Interessant er det her å leggja merke til at det ligg ein smal tømra kleve langs stova. Det kan vera slike klevar det er tale om når det i skriftlege kjelder heiter «een tømret Kleve i Udsvalen». Framfor bua er det ei sval, med eit par trinn opp til gangen mellom bu og stove. Tømmeret i bua og den vestlegaste sperrestova peikar mot ei datering på 1700-talet. Lengda på denne bygningsrekkja er om lag 20 meter. Dette samanbygde huset har i alle høve i nyare tid vore delt mellom to bruk.

Share to