• Photo: Svein Ulvund (Opphavsrett)
  • Photo: Ukjent (Opphavsrett)

Myrhallen

Myrhallen vart oppført då driving av Gravhalstunnelen var godt i gang frå begge leier, og fagorganiseringa blant vanlege arbeidsfolk nettopp hadde byrja. Veg- og jernbaneanleggsarbeidarane hadde stifta sitt landsomfattande forbund allereie i 1895. Olav Strøm var den fyrste formannen i foreininga, og han hadde allereie lang erfaring frå fagleg og politisk arbeid. I 1898 vart namnet på foreininga endra til «Det norske sten-, jord- og bergarbeiderforbund». Dagens namn, «Norsk Arbeidsmandsforbund», fekk det i 1900, samstundes som forbundet melde seg inn i det nystarta LO.

Ein av tidas kjende agitatorar, Hans Berntsen, var her i 1901 og tala varmt for organisering. Mange av dei eigedomslause anleggsarbeidarane melde seg inn, men bøndene frå bygdene langs fjorden ville ikkje vere med. Myrhallen var òg eit viktig forsamlingshus under bygginga av Flåmsbana, som stod ferdig i 1941. Huset er sett i stand med pengar frå mellom anna Norsk Kulturminnefond, og det vart freda i 1999. Huset er eigd av Rallarmuseet.

Share to