• (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

«Pass på plassen min!» På Heiane!

Kva er den viktigaste staden der du bur? Kvar er det aller kjekkast å vere? Kva om du hadde mista denne plassen?

Unge i Meland kommune i nordhordaland har laga digitale forteljingar om sine favorittplasar. Med utgangspunkt i nærmiljøet til skulen og heimen har dei digitale forteljarane teke tak i stadar dei sjøl meiner er av verdi for seg sjøl og andre. Nokre stader er godt kjent og brukast av mange, til dømes fotballbana og badeplassen. Andre stader er meir personlege, men det gjer dei ikkje mindre engasjerande av den grunn!

Oppfordringa om å fortelje om plassen sin kommer fra Digitale forteljingar ved Museumssenteret i Hordaland. Med prosjektet «Pass på plassen min!» har vi teke turen til Meland Kommune for å høyre kva barn og unge verdset i sitt lokalmiljø. På Rossland og Grasdal skule har vi fått mange flotte forteljingar som òg kan læra dei vaksne om kva som er viktig å ta vare på.

I arbeidet har elevane jobba saman i redaksjonelle grupper og sjøl blitt einige om ein plass som er viktig for dei. Nokre har hatt sterkare kjensler for den valgte staden enn andre, men alle har medverka med innspel. Elevane har tegna og fotografert stedat – anten sånn staden er for dei, eller korleis dei ynskjer at stedat skal vere. Kanskje kan dette inspirere til nye kommuneplanar?


Les meir på http://digitaltfortalt.wordpress.com/2011/05/26/de-passer-pa-plassen-sin/

Share to