• Photo: Helge Sunde (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Bømlo kommune

Det vart debatt om namnet på den nye kommunen. Det var mange som ville ha Bømmeløy, men det enda med Bømlo. Saman med Stord og nokre gardar i Fitjar høyrde dagens Bømlo til Føyno skipreide fram til 1800-talet. Den nordvestlige delen av Fitjarøyane vart overført til Bømlo frå 1995.

Kyrkjene i Bømlo

Den eldste Mostrakyrkja er frå 1100-talet: den nye kyrkja på Moster er bygd på Eikeland i 1874. Bremnes kyrkje er bygd i 1869. Bømlo gamle kyrkje på Vorland vart bygd i 1621, ein fin representant for 1600-talets trekyrkjer (Finnås prestegjeld).

Stadnamn i Bømlo

Bømlo, Bymbel - som er den skriftlege forma vi finn kring 1360, er truleg eit gammalt namn, som dei fleste usamansette naturnamn. Det er opphavleg ei høgdenemning og tyder «noko opphøga», av same opphav som Bamble.

Fjellnamnet Siggjo ved Siggjarvågen kan vera språkleg i slekt med å sjå, kanskje det tyder «den synlege». Langt til havs er Siggjo eit landemerke på vestlandskysten. Hiskjo er mogeleg i slekt med Hitra og kan tyda «den avskorne». Enklare er Vespestad, av gno. Vestr(i)bólstaðr «vestgarden».

Lykling ser ut til å vera ei samanlikning med ein lykel «nøkkel», opphavleg nytta om fjorden der. Nokså omdiskutert er Moster; namnet har vore sett i samband med latin mons «fjell», med mose «mose- og myrlende», og med muge «dunge, hop».

i Håvik kan òg tolkast på fleire vis, m.a. som «høg» og «hå (gras)». Rubbestad i Rubbestadneset kan vera samansett av ro «krå» og gno. bólstaðr «bustad».

Øklandsvåg inneheld eldre Aukland «auka (nytt) land». Førsteleddet i Foldrøyhamn tyder «den breie», og er i slekt med Vestfold og Folla.

Slåtterøy er mest kjent som fyrnamn i dag, men førsteleddet viser at det var slåttemarka der som har gjeve opphav til namnet.

Share to