• Photo: Gunnbjørg Austrheim (Opphavsrett)
  • Photo: Tore Bjørgo (Opphavsrett)
  • Photo: Anders P. Wallevik. (Opphavsrett)

Hjølmo

Bruka på Hjølmo har framleis innmarka liggjande uskift, fordelt i lange teigar på tvers av dalen, frå dalside til dalside — ein interessant parallell til den skotske «strip farming». Klyngjetunet på Hjølmo er eit verdfullt kulturminnemiljø. Frå toppen av dalsida held den gamle ferdslevegen fram innover mot Viveli og Veigdalen.
 

Share to