• Photo: Svein Ulvund
    (Copyright)

Mjølfjell ungdomsherberge med eigen kraftstasjon

Ungdomsherberget på Mjølfjell (fjellstove og vandrarheim) er det første spesialbygde ungdomsherberget i Noreg.

 Det vart bygd i 1939, rett før andre verdskrig. Det har sin eigen kraftstasjon frå 1946 som nyttar fallet i Kleivafossen. Delar av kraftverket (turbinen) er snart 100 år gamalt (frå 1914). Heilt til Bergensbana vart elektrifisert i midten av 60-åra forsynte dette kraftverket heile Mjølfjell med straum. Det ligg ved Kleivafossen i nedre del av daltrinnet mellom den flate Upsetedalen og den flate dalen frå Kleivane ned mot sentrum av Mjølfjell.

Share to