• Photo: Svein Ulvund (Opphavsrett)
  • Photo: Arne Hofseth (Opphavsrett)

Avsporing med Signaturtoget

Heldigvis vart ingen av passasjerane alvorleg skadde, lokomotivføraren kunne melda at han sat fast langt nedi snøfonna. Fast sat sanneleg toget òg! Det vart ei komplisert berging. Først måtte toget kappast, og dei vognene som sto att på sporet fjernast slik at andre tog kunne passera. Den delen som hang ned fjellsida måtte sikrast så den ikkje sklei lenger ned den bratte fjellsida. Den vart sikra ved å pakka meir snø under toget. Så måtte ein dela toget i to, og spenninga var stor om dei to vognene som låg att sklei nedover, men ingen av delane rikka seg. Dei to vognene låg att i snøen i 35-gradars helling til byrjinga av mai.

Då starta ei komplisert berging for NSB Berging og beredskap, som har spesialisert seg på slike oppdrag. 21 personar var i arbeid den helga, og den mest kompliserte delen var å skilja dei to vognene på 50 tonn frå kvarandre. Etter mykje slit fekk dei festa vognene til stroppar. To 200-tonns mobilkranar måtte i sving, ei i kvar ende av bergingsstaden. Så vart vognene lyfta opp kvar for seg og sett på sporet. Jernbaneverket fekk ei stor bot for ikkje å ha halde bana rein for snø. På denne staden er det seinare sett opp betre sikring mot ras.

Share to