• Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Midthun bru

Hardangervegen

Sjølv om det no har gått kring 200 år sidan brua blei bygd, vert den framleis nytta i vegnettet. Men den tidlegare sporadiske ferdsla frå hestar og vandrande, er i dag erstatta av bilar og motorsyklar som jamleg durar over bura. Den inngår no i rundkøyringa langs Hardangervegen på Midtun – ein del av trafikkmaskinen rundt Bergen.

Utkragebru med 7 løp 

Den kring 27 meter lange brua er, med sine 7 utkraga løp, mellom dei største attverande steinhellebruene i Hordaland. Løpa har varierande høgde, og lysopningane er over 3 meter på det breiaste. I taket er tversgåande steinheller lagt side om side, men både her og på sidene er også ein del småstein nytta til å tette tomrom. Ein stad har ei av steinhellene ein gong i tida sprukke i to, og blitt oppstøtta med ein stålbjelke. Sidan har den blitt ekstra sikra med betong. Slike ting forsterkar inntrykket av at brua, utsjånadsmessig, nok ikkje er mellom dei mest forseggjorte. Dei to vestre løpa, som no finst under ein betongplatting ved avkøyrsla til eit industribygg, er derimot finare bygde, kanskje vølte mindre, og utan like mykje småstein som dei andre.

Sand og grus 

Opphavleg hadde den 5 meter breie brua eit vegdekke av sand og grus. No er dette erstatta med betong. Som sikring på sidene er det laga nokon små betongfendrar, og før desse var det stålrekkverk langs brua. Mogelegvis hadde den stabbesteinar eller jernrekkverk til å byrje med? Ingen mineborhol frå tida då brua blei bygd finst, men nokon nyare hol er bora rett inn i brua. Dette er truleg støttefester til straum- og telefonkablar. 3 slike kablar heng langs nordsida av brua og dei finst både gjennom løpet i aust og i vest.

Midtun-jungelen 

I dag er brua så å seie borte på grunn av vegetasjonen. Langs elva veks det høgt siv, og mange buskar. Også på sjølve brua, i sprekker mellom steinane, har buskar og små tre klort seg fast. Vasstanden i elva er drastisk redusert og berre 2-3 av løpa leier no vatn. Løpet i sør er fylt igjen av jord og vegetasjon, og ikkje heilt enkelt å få auge på med ein gong. På nordbreidda står løpa i fare for å lide same skjebne. Midthun bru er i ferd med å gro til!

Share to