• (Opphavsrett)

Bamsen til mamma

Dei første bamsane vart laga i Leipzig av Margarete Steiff i 1903. Den amerikanske presidenten, Theodore Roosevelt, hadde tilfeldigvis vore innblanda i ei jakthistorie med ein bjørn i 1902. Han nekta å skyte ein bjørn som andre hadde fanga for han. Karikaturteiknarane fråtsa i denne hendinga, og då dei første teddybjørnane vart lagde ut for sal i USA, vart dei kalla Teddy's Bear. Dette vart etterkvart til Teddy bear, på norsk teddybjørn.

Teddybjørnen til mamma er 30 cm høg, har gul pels og brune auge. Seinare sydde bestemor, Inga, ei selebukse til bamsen.

Mamma fekk bamsen av ei tante då ho var omlag eitt år gammal. Etter det ville mamma ha bamsen med seg i senga kvar kveld når ho skulle sove. Å seie ordet ”bamse” var for vanskeleg å seie for mamma. Så ho kalla han difor for ”Bampis”.
Kjelder:
Wikipedia; Teddybjørn; http://no.wikipedia.org/wiki/Teddybj%C3%B8rn;16.11.2009
Solbakk, Guro; intervju; 07.10.2009

 

Share to