• Photo: Svein Nord (Opphavsrett)

Gjuvslandsliene

Relikt frå tidlegare tiders jordbrukslandskap

Kvart av bruka på Gjuvsland har hatt ei utløe ved fjorden, og framleis driv nokre av dei seks bruka med sommarslått her. Dei blomeengene vi i dag finn på Gjuvsland, er relikt frå tidlegare tiders jordbrukslandskap. Det har teke minst 500 år å utvikla desse unike engene. Tilsvarande artsrikdom veit vi ikkje om andre stader på Vestlandet, og truleg finst det berre svært få slike enger som framleis vert skjøtta gjennom tradisjonell drift.

Store opplevingsverdiar

Varaldsøya ligg i skiljet mellom kystklimaet med milde vintrar og innlandet med varme somrar. Øya vert difor ein «møtestad» for austlege, vestlege og sørlege planteartar. I dei solvende liene vert det god middeltemperatur. Utan drift vil desse engene verta overgrodde og endra seg raskt. Blomar som er avhengige av lys, trakk og beite, vil verta borte. Her som andre stader er det fare for at det gamle kulturlandskapet vil forsvinna, kanskje for alltid. Dette er ressursar som ikkje kan fornyast og som i vår tid inneber rike opplevingsverdiar. Det kviler eit stort ansvar på vår generasjon for å forvalta desse verdiane.

Share to