• Photo: Iver Schonhowd (Opphavsrett)

Det undergjerande krusifikset i Røldal

Over korbogen i stavkyrkja heng krusifikset, eit arbeid frå 1200-talet, skore i eiketre. Stilen er den høggotiske - eit vakkert Kristusportrett.

Segna

Segna fortel at krusifikset vart funne av ein blind mann som låg ute på Korsfjorden og fiska i lag med ein gutunge. Etter ei stund fekk snøret tak i noko tungt, og då han fekk det opp, kom det eit krossbilete til syne i sjøen. Dei freista å lyfta det inn i båten, men greidde det ikkje. Mannen streva så lenge at sveitten rann frå panna og ned i augo. Han laut sleppa taket og tørka seg i augo. Då fekk han brått synet att. Han vart så glad at han for ei stund gløymde både krossbiletet og fisket. Men då han fekk tenkt seg om, skjøna han at det var eit under som hadde hendt ham. Han tok atter til å streva med å få krusifikset opp i båten. Han lova å gje det til ei kyrkje, og nemnde opp den eine etter den andre. Men like tungt var det. Først då han nemnde Røldalskyrkja, letna krusifikset. Glad rodde mannen til lands, og sidan tok han og eit heilt følgje i veg til Røldal.

Jonsokmesser

Trua på krusifikset si undergjerande kraft heldt seg sterk gjennom mange hundreår, og det vart halde ulovlege katolske messer jonsoknatta heilt fram til byrjinga av 1800-talet.
 

Share to