• Photo: Klaus Høiland (Opphavsrett)
  • Photo: Klaus Høiland (Opphavsrett)

Fjelltjæreblom (Viscaria alpina)

Nellikfamilien. Mørkeraude blomar i eit hovud. Kronblada er delt i to øvst. Nedst ein rosett med smale blad.
Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Det norske namnet er misvisande, fordi det siktar til låglandsarten engtjæreblom, som har nokre mørke, seige parti på stilken (vern mot insekt). Denne arten manglar desse. Fjelltjæreblom lyser opp med sine knallraude blomehovud på elles ganske skrinn og grå mark. Du kan finna han på flate, tørre heier, på grus eller mellom lav. Sjå etter han på flate og opne område langs Rallarvegen. Ofte vil du sjå mange insekt rundt blomane. Særleg er den store fjellhumla ivrig etter å suga i seg nektar frå blomane.

Fjelltjæreblom er kjend for å veksa der det er kopar eller andre metall i berggrunnen. Så enkelte stadar vert han kalla for «koparblomen», og vert brukt som teikn på at her kan det vera verdt å undersøka grunnen nærare. Rundt slagghaugane ved Røros er det påfallande mykje fjelltjæreblom. Han kan også veksa på «giftige» bergarter og mineralar som serpentin eller olivin, fordi desse inneheld mykje tungmetall. Akkurat ved Rallarvegen er det ikkje så mykje av dette.
Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Share to