Desto meir forunderleg er denne segna når det viser seg i dag at røyndommen er omvend: i ei av dei store løene på Opheim finn vi store stavar, fint forarbeidde, som må skriva seg frå stavkyrkja på Hakastad. Dendrokronologisk datering (årringsdatering) viser at stavane truleg må daterast til 1200-talet; frå den kyrkja som vart riven i 1710.
Den nye kyrkja vart bygd på Brakanes.