• (Copyright)
  • Photo: Otto Chr. Dahl.
    (Copyright)
  • Photo: Ann Steindal
    (Copyright)
  • Photo: Teikna av Nils Georg Brekke
    (Copyright)

Boga

Tradisjonelt hus

Fleirromshuset på Boga viser oss ein byggjeskikk som må ha prega kystbygdene gjennom mange hundreår. Truleg går delar av dette anlegget attende til 1600-talet. Etter tradisjonen vart det bygt loft over bua i 1735, og i 1818 vart det bygt til ei glasstove på austsida. Då røykomnen i stova vart skift ut med jernomn mot slutten av 1800-talet, vart svalene rivne, og stova fekk vindaugo i veggene.

«Økologisk» byggjeskikk

Busetnaden har nøye samanheng med livbergingsmåten. Naturressursane frå jorda og havet vart nytta med største omhug og omtanke. Kulturlandskapet på Boga, med innmark, utmark, steingardar, stigar, lunnar og naust gjev oss eit nærbilete av eit lite gardsbruk på vestkysten.Om vi skulle bruka uttrykket «økologisk» byggjeskikk, kunne vi ikkje med større rett bruka det enn om langhuset på Boga. Svalene, som seinhaustes var fulle av torv, ved og staur, gav isolasjon til romma innanfor. Eldhuset var «grovkjøkkenet», stova var opphaldsrommet og i bua lagra dei maten og hadde senger på loftet.

Restaurert anlegg

Loftet vart rive i 1905, men då Nord- og Midthordland sogelag overtok bygningen i 1920, vart loftet rekonstruert. Ei grindbygd løe er bygd opp att på gamle tufter, og nede ved fjorden ligg eit fint naustmiljø.

Spor etter kroting

I røykstova er det ein dekorativ bord, teikna opp med ei blanding av krit, kalk og vatn. Kroting, som denne dekorforma vart kalla, har truleg samanheng med mellomalderens prydtradisjonar; valknutar, rosettar og åttebladsroser som liknar mønsteret på gamle åklede. Når stova var vaska og sandskurt til høgtid og fest, var det vanleg å krota eit par av stokkane stova rundt.

Gardsanlegget er freda etter kulturminneloven. 

Share to