• Photo: Fotograf: Einar Lund. Eigar: Norsk jernbanemuseum (Opphavsrett)

Anfinnsbrua - ei flott steinbru på Dovrefjell

I kvardagstale heiter den flotte steinbrua du nå står ved «Anfinnsbrue». Men er dette rett?

Der den gamle ferdselsvegen kryssa elva mellom Dovregubbens Hall og Vålåsjøen, skulle det ein gong i tida byggjast bru. Ein straff-fange, Anfinn, vart lova å bli sett fri frå fengselet viss han stod for med å byggje brua. Slik skjedde det at Anfinnsbrua vart bygd, men da som trebru. Denne trebrua vart tatt av flommen.

Ny bru vart bygd i 1825 nedom Dovregubbens Hall med leiar Pål Tofte, bonden på Tofte gard i Dovre. Dette er den verna steinbrua som står der i dag. Ho heitte «Vålåsjøbroen», men blir altså i dag noko feilaktig kalla «Anfinnsbrue».

 

Share to