• Photo: Bjørn Heggestad (Opphavsrett)

Harastølen

"Harastølen – frå eventyrslott til spøkelseshus" handlar om historier og nasjonal kulturarv som er i ferd med å gå tapt.

Yngre generasjonar tenkjer på bygningen som eit spøkelseshus, men mange eldre har gode minne frå den tida det var eit godt og velfungerande samfunn oppe i fjellsida i Luster.

Det store kvite og majestetiske huset har fungert som ein heim for utstøytte og svake grupper; først for tuberkuløse, deretter psykiatriske pasientar og par år for flyktningar frå Bosnia.

Dei siste 20 åra er det forfallet som har fått dominere på eigedomen som ligg på ei berghylle, 600 meter over fjorden.

Filmen er ein del av studiet ”Samfunnsfag med vekt på digital formidling og entreprenørskap”, ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, våren 2011.

 Laga av Oddrun Midtbø, Sogndal. oddrun@oddrun.com

Share to