”Kjetta på Dovre”

Eventyret om Kjetta på Dovre kjenner me frå fleire stader i Noreg. Dette kjem frå Bø i Telemark.

Det var i gammal tid det har vore gard der på Øverland, så budde der ein mann, og hver julefta så kunn’ ’n ikkje bli der, for da kom trølla der. Så kom der ein reisande mann der ein julefta og bad etter hus.

”Ja, huset var nok ikkje for godt det,” sa ’n, ”men me må røme huset sjølve me, hver julefta, for da kjem det nokre trøll som er heime her oppi Bøkkstulnatten. Nå vil me til Åse me, i kveld.”

”Ja, det er det same, når eg bare fær lov eg, så er eg ikkje så redd, eg.”

”Ja, huset er nok ikkje for godt, du må nok vera dersom du bare tor’.”

Ja, dom reiste. Og denna mannen, han stelte seg nå til kvelden og åt. Så hadde ’n ei børse, og den tok ’n med seg og klauv så av oppå sengekrona, der la ’n seg. Og så hadde ’n ei gvit bikkje, den låg i gruva, den.

Som det leid på kvelden da, så fekk’n høre det kom slik ein dur ute at det var svært. Så kom der inn ein stor rusul da føre, og eit heilt selskap da med ’n etter. Så til å stelle på bordet da, laga til med mat og drikke så svært. Så sette dom seg til eta. Og denna gamle rusulen, han satt i høgsetbenken, han.

Da dom begynna til drikka da, så sa dom: ”Nå skjenker eg Trond,” sa dom. Og detta vara og det heldst, og alle dei som drakk, så sa dom at dom skjenkte fyrst Trond.

Så blei dom nå krye da, så var det med dom satt ved bordet og åt at dom kasta ein pølsesnabb til bikkja og sa: ”Vil du ha kurv, kjette?” sa dom.

Så retta mannen fram børsa si og sikta på Trond: ”Ja nå skjenker eg au Trond!”

Dermed skaut ’n Trond så han kanta i golvet. Og dom ifrå bordet alle sammen, så det blei slik tur og leven, og til å drasse på Trond. Så pussa ’n bikkja etter dom – ho var gvit, ho. Så tok dom ut og heim att.

Om morgonen kom folka. Så spurte dom ’n hosse ’n hadde nå levd. Å jau, han hadde nå levd bra.

”Fornam du ’kje noko da?”

”Jau, her kom inn ei heil ferd med bergerusular og sette seg ved bordet til eta og drikke. Men eg skaut ein gammal ein, heitte Trond, eg. Så sókka eg bikkja mi etter dom, så ho reint til rive dom sund. Og dom tok ut med yling og skrik så det var reint fælt. Ja, nå tar’ de ’kje vera redde for å vera her til neste julefta, men da skal de sleppe ut den brokute hesten dekkans og folen til danse, hver julefta. Og så ropar dom ned da, frå Bøkkstulnatten, og spør om de har den gvite hunden i år. Og så skal du svara det at ”Ja, han er sjølannan i år,! Skal du seia.”

Mannen så gjorde.

”Ja, der kjem me aller meir,” sa det høgt oppi Bøkkstulnatten.

Share to