• Photo: Enoch Djupdræt, Norsk Jernbanemuseums samling (Opphavsrett)
  • Photo: Ukjent (Opphavsrett)
  • Photo: Olav Lorch Eidem (Opphavsrett)
  • Photo: Yngvar Hansen (Opphavsrett)

Lokomotiv og vogner

I dei over hundre åra Bergensbana har vore i drift, har både lokomotiva og vognene gjennomgått store endringar.

Damplokomotiva
Kjenneteiknet for norske høgfjellslokomotiv er låg eigenvekt og høg yteevne. Dei lange, tunge stigningane gav fyrbøtarane nok å gjera i damptida. Då bana opna for prøvedrift hausten 1907, viste det seg fort at dei fyrste lokomotiva ikkje var eigna til snørydding. Difor fekk Bergensbana fire kraftigare lokomotiv hausten etter. I 1915 leverte Thunes mekaniske verksted dei to fyrste lokomotiva av type 31a. Desse dominerte i trafikken over høgfjellet så lenge dampdrifta varde og vart i all si tid rekna som det mest typiske og vellukka til sitt formål. Dei to siste damplokomotiva heldt ut på Finse til april 1970.

Diesellokomotiv
Det fyrste diesellokomotivet kom i prøvedrift under 2. verdskrig, men mangel på delar og drivstoff gjorde at prøvedrifta stogga. På 1950-talet kom fleire på prøve, og fleire synte seg for veike for dei harde stigningane og dei tunge plogane. I 1957 vart dei svenskbygde Di3-lokomotiva sett inn i prøvedrift, dette var lokomotiv som var kjøpt inn for bruk på Nordlandsbana. Raskt vart dei tekne inn i vanleg trafikk og drog hurtigtoga og godstoga over fjellet utan problem. Eitt av dei vart brukt som skyvelokomotiv i snøryddinga lenge etter at bana vart elektrifisert.

Elektriske lokomotiv
Strekninga Bergen–Voss vart elektrifisert i 1954 og elektrisk drift på heile banestrekninga kom i 1964. Til Vossebana vart det utvikla eit nytt elektrisk lokomotiv, El.11, som synte seg å vera for veikt for høgfjellsstrekninga. El.13, 14, 16 og 18 har alle vore i bruk på banestrekninga.

«Lyntoget» var motorvogner i lettmetall som vart sett inn på 1950-talet. Dei gjekk om somrane utan at reisetida vart særleg kortare. Dei forsvann med elektrifiseringa.

Trevogner
På Bergensbana satsa ein på vogner med lukka plattform og midtgang. Dei fekk store vindauge for utsynet si skuld. Oppvarminga skjedde med damp frå lokomotivet til radiatorar i vognene. Desse vognene vart erstatta med stålvogner frå 1950-talet, men brukt i ekstratog lenge etter det.
 

Share to