Tjoven som vart retta paa Tjovallsletta

"Ho vart verande som gjetargjenta paa garden og daa ho vart vaksen, vart ho gift med guten der, som aatte garden. Ho var ei klok og snartenkt kona.

Ein gong hadde ein tjov brote seg inn i stabburet, ho høyrde det tusla og gjekk upp i loftet. Der hadde so tjoven gøymt seg i ei myrk kraa. Kona trivla og naava kringum til ho raaka burti haaret aat tjoven, det hadde regnt so han var vaat i hovudet. Han laag likevel still og rørte seg ikkje. Ho var snartenkt og sa med eitt:

- Jamen hev ikkje gjentorne sett ullkorgi mi so det hev drope i henne!

Dermed gjekk ho fort innatt og verskudde folk, og dei tok tjoven daa han vilde ut av buret.

Sidan vart denne tjoven retta nede paa Tjovallsletta (folkesletta) ved Tinghaug ved Kaasa straks ovanfor skrivargarden paa Gvarv,

Tjoven vart so gravlagd utan klokkur og lagd under steinhella framfor inngangsdøri til vaapen huset framfor Nes kyrkja, so folk som gjekk inn i kyrkja skulde tro paa brotsmannen som laag der under.

Der gjekk ei segn um at liket ikkje skulde raatna. Den gongen i 1868 daa det nye taarnhuset vart uppsett, tok dei baade hella og grefti upp, og dei fann verkeleg beingrindi aat eit lik innunder hella, og dei som saag vilde vita at ho bar merkje som tydde paa halshogging."

Frå boka "Gamalt fraa Telemork" av Cr. Gunhjem (1915)

Share to