• Photo: Svein Skare (Opphavsrett)

Keisarens mynt på Raknes

Sjeldsynt funn

Sølvdenarar fra keisartida er sjeldsynte funn i vårt land. Vi kjenner berre 6 stykke, og dette er den einaste i Hordaland. Den romerske sogeskrivaren Tacitus, som døydde kring år 120, fortel at romarane gav gaver til germanarhovdingar for å halda seg på venskapleg fot med dei. Han fortel vidare at germanarane likte sølvmyntar betre enn gullmyntar. No tykkjest funna syna at dei etter kvart må ha kome på andre tankar, for på 300-talet dominerer gullmyntane i funn frå germansk område.

Mange hender

Det er langt fra Roma til Osterøy. Vår sølvdenar må ha gått gjennom mange hender, både til romerske embetsmenn og germanske hovdingar, før han enda vandringa si på Raknes. Mynten er i røynda noko mindre enn ein femtiøring
 

Share to