Rar mat

Det er ikkje godt å veta kva desse ungdommane serverar.

Onkelen til mamma, Torkjel Tveiten, hadde vore på besøk på Tveitan i Bø. 

Da han kom heim att til Tveiten i Seljord, spurte dei naturleg nok om korleis han hadde hatt det hos Ingebjørg og Olav. Han fortalte at han hadde hatt det bra. Dei lura òg på kva han hadde fått til mat. ”Eg fekk nokre lange tægar”, svara Torkjel. 

 Mamma hadde servera spagetti. Det var ikkje vanleg mat i på slutten av 1950-talet.

Share to