• (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Heisen

Ut i verda ? Det ser ut som bymannen og bonden har planar om det. Men då må dei først over vatnet. Båten ligg nok klar nede ved bryggja, og tenåringen som kjem bak ,kan sikkert vera skysskar. Dersom dei ikkje finn på noko anna då ---- ?

: Bonden meiner at bymannen skal få prøva heisen. ”No slepper eg ! ” ”Nei, vent no litt til eg får sett meg ned”. Så seglar bymannen ut over vatnet så langt det er slakk i wirane.

Tyngdekrafta har gjort sitt, og no må han gripa tak rundt wirane og dra seg fram til han er over på andre sida.
Utrygg farkost dette ? Ser ut som det kan vera på tide med fornying, ja.
 

Og sjå om ikkje fornyinga har kome ! Heisen er no i betre stand enn han har vore nokon gong før, og er grei å ha når ein eller to personar har eit raskt ærend på andre sida av vatnet, eller når vanskeleg føre skapar problem for båt og bil.

Share to