• Photo: Anders P. Wallevik (Opphavsrett)
  • Photo: Nils Georg Brekke (Opphavsrett)

Kjerland, Røynstrond og rosemålararne

Johannes Kjærland

Berre 16 år gammal vart han skulehaldar; han lærte å måla - kanskje av Bjørn Bjaalid eller andre av telemarkingane – og 25 år gammal byrja han ved Prahls litografiske anstalt i Bergen. Samstundes gjekk han på det Nyttige Selskabs teikneskule på kveldstid. Ved eksamen der fekk han første premie.

Akademisk lærdom, men forankra i bygdekulturen

Etter nokre år som lærar ved Christi Krybbe skole og som klokkar i Sund, slo han seg ned i Kinsarvik som rosenmålar, i lag med syskenbarnet Trond Larsson Hus. Vi ser at Johannes har fått akademisk lærdom når det gjeld proporsjonar og rundmodellering; truleg er han ein av dei best utdanna rosemålarane i Noreg; lærdom frå byen, men forankra i bygdekulturen.

Share to